Konfirmantleiren 2020
Konfirmantleiren 2020
Konfirmantleiren 2020

Konfirmantleir i Håkons hall i februar

For sjette gong reiste konfirmantar frå Skjåk og Nordberg til Håkons hall på Lillehammer for å vera med på konfirmantleiren i HEKTA.

Ein spent gjeng, naturleg nok, det er spanande å erfare om det tidlegare konfirmantar har fortald om leiren stemmer.

Det er ikkje så mange  som har vore på parketten i hallen før, og ein kjenner seg litt liten når ein ser oppover tribunene, men det går fort over.

 Vi fekk tildelt sovebaser bak ved løpebanane i år og – heldigvis. Det er ikkje så moro å ligge i tribunerekkjene slik som mange andre måtte i år.

 Dei siste åra har vi budd saman med konfirmantar frå Lom og Sør-Fron, det gjorde vi år og. Jentene camperte i tillegg saman med  jenter frå Uranienborg og Fagerborg i Oslo, medan gutane hadde selskap frå Løten og Bergen på si base.

HEKTA-leiren reklamerer med mange spanande aktivitetar som konfirmantane får vera med på, men det er og mykje undervising i løpet av helga. Det er ungdomsleiarar som tek seg av noko av dette på basene , men det er fleire samlingar ved scena for heile leiren. Dyktige programleiarar, undervising på ein litt anna måte enn heime i Skjåk, konkurransar, leirdans, mykje song og musikk er innhaldet her. Det er og laga ein eigen eigen HEKTA-serie om korleis livet på leir kan vera. Årets serie heitte HEKTA Gørls – god underhaldning!

 Biskop i Hamar, Solveig Fiske, hadde eit eige innlegg til konfirmantane på festkvelden laurdag kveld, og på scena kom og artisten Marte Vang.

Men aktiviteter er det sjølvsagt! I år hadde mange av våre ungdommar valt same aktivitet; laurdag var mange på Jorekstad på bading, og sundag rusla dei fleste ned til Kristins hall og testa ut curling. Nokre fekk ein fin skidag i Hafjell laurdag, og nokre fekk ein våt dag på kjelkekøyring og i bob- og akebana på sundag.

Sundag var det gudsteneste  frå scena i hallen, leia av biskop Solveig Fiske. Sunniva Gylver heldt preike, Anne Persdotter Flugstad og danseteam frå Lillehammer tok del ,samt artisten Marte Vang.

  Utan mat og drikke dug konfirmanten ikkje, det er heilt klart, og det tek dei på alvor på leiren. Alle får frukost, lunsj, middag og kveldsmat. Og Kiwi ligg rett ved hallen om trongen til snop vert for sterk å stå imot. Det er litt av eit apparat av føresette og friviljuge som er i sving, tenk å servere taco til 1200 personar…

For å kunne reise på leir må vi stille med vaksne hjelparar, nattevakter MÅ vi ha med,  og leiren set og pris på hjelp til praktiske oppgåver på dagtid. Vi har heldigvis klart å stille med nok mannskap på natt, men må ofte samarbeide med Lom om dette.

Sjølvsagt har vi dei flinkaste konfirmantane i verda, og ro og orden er ikkje noko problem.

Ein kan og få reise på leir etter at ein er konfirmert! HEKTA inviterer konfirmerte ungdommar til Teen-camp, som er ein "leir i leiren". Dei bur for seg sjølve og har eigne opplegg, men er med på dei store felles samlingane. Frå Skjåk har vi hatt med ungdommar på Teen-camp i to år nå, og dei har storkosa seg! Vi håper sjølvsagt at fleire vil nytte seg av dette tilbodet også neste år.

Leiren vart avslutta med stort show frå scena, og så bar det rett ut i buss og heim til Skjåk.

 




Del denne artikkel på e-post