KORONAVIRUS OG AVLYSNING AV KYRKJELEGE ARRANGEMENT
KORONAVIRUS OG AVLYSNING AV KYRKJELEGE ARRANGEMENT
KORONAVIRUS OG AVLYSNING AV KYRKJELEGE ARRANGEMENT

OPPDATERT INFORMASJON OM KORONASVIRUS OG AVLYSNING AV KYRKJELEGE ARRANGEMENT

Hamar biskop har i samsvar med retningslinjer frå Fylkesmannen i Innlandet, gjeve nye tilrådingar i dag 12/3 kl. 11.00. Dette vil kyrkja i Skjåk sjølvsagt fylgje.

Dette gjer at :

- Alle messer,andakt og andre arrangement vert avlyst t.o.m. palmesøndag 5. april.

- Avtalt dåp vert gjennomført for næraste dåpsfamilie.

- Gravferd kan gjenomførast med maks. 50 personar til stades.

Håndhelsing og klemming er frarådd. Mht.reinhald gjer vi det vi greier for å forhindre smitte.

Treng nokon samtale eller soknebud så er vi tilgjengelege, sjå heimesida vår www.skjaak.kyrkja.no for telefonnummer eller e-post

Vi vil alltid være tilgjengelege for pårørande ved dødsfall og andre ting som må ordnast.

Prestane er pålagt heimekontor og vi andre i den kyrkjelege stab ,er det berre å ta kontakt med.

Nå er det viktig at vi alle gjer det helsemyndigheitene ber oss om og vi må stå saman i den tida vi har framfor oss.Det er uverkeleg at noko slikt skjer,men vi må forhalde oss til dagens situasjon og prøve å gjere det beste utav det.

Vi vil oppdatere informasjon etterkvart.




Del denne artikkel på e-post