Prosjekt fleir deltakarar i kyrkjene
Prosjekt fleir deltakarar i kyrkjene
Prosjekt fleir deltakarar i kyrkjene

Kyrkja i Skjåk
Prosjekt «Fleire deltakare på sundagsmessene»            

Skisse til strategi

Status
I Skjåk, som elles i kyrkja i Norge, er det eit fallande tal på deltakare i sundagsmessene. Det er samansette årsaker til dette, men eg vil ta tak i dei som er mest openbare og diskutere om det er noko vi kan gjere som kyrkje for å få opp talet på deltakare.

Til messene stilles det ressursar til prest, organist og kyrkjetenar, samt ein friviljug kyrkjevert. Om messa er knytt til trusopplæringstiltak er det og med ressursar frå trusopplærarane våre og nokon frå trusopplæringsnemda, samt støtte frå foreldre og pårørande.

Vi marknadsfører messene gjennom kyrkjebladet, Facebook, plakatar, heimesida til kyrkja på internett, og i «Det skjer» i avisa GD. Vi har ei tid ikkje annonsert messene våre i lokalavisa Fjuken.

Ei messe er pålagt å følgje Den norske kyrkja sin liturgi, med den ordo som er fastsatt. Innafor denne ramma er det høve til variasjonar i innhald og utrykksform.

Eg skal sortere skissa i følgjande overskrifter:

  • Innhaldet i messene
  • Marknadsføring og kommunikasjon
  • Samlingar utanfor kyrkja som leier opp til sundagsmessa
  • Kyrkja sitt nettverk
  • Tilpassing i kyrkjerommet
  • Andre tilhøve

 

 

Potensielle årsakar

  • Kyrkja si forkynning opplevast som lite relevant for folk. Dette kan ha noko med at bodskapen om Jesus Kristus ikkje treffer folk heime. Dette kan og være knytt til at bodskapen ikkje vert presentert på ein måte som engasjerer…. orgel er out, band er in….. Dette kan og ha ein samanheng med media si omtale av kyrkja si verksemd, som over tid kan opplevast negativt og for knapt i forhold til det som er kyrkja sitt daglege arbeid og verksemd.  
    Det er og kjent at ungdommen i dag forventar å verte underheld. Det merkast i samanheng med skulen og på samlingar med konfirmantane. Det førar til at læraren forventast å ha ei rolle som ein entertainer. Om dei sjølve skal bidra forventast det ei løn. Som prest kjenner eg meg godt igjen i desse forventningane, og ikkje berre blant ungdomane, men og blant vaksne. Det tyder at messa i seg sjølve, slik den er forma, ikkje har eit innhald som gjer at folk kjem om det ikkje er noko «ekstra».
     
  • Kyrkja tømast for innhald. Kyrkja si praktiske nytte har alltid vore å forkynne og formidle etikk og moral, slik at folk kan få hjelp til å mestre livet på ei god måte, og da med fokus på å mestre dei krevjande sidene ved livet. Dette kan i kortform tydast til å spreie håp og hindre angst for dauden. Kyrkja har og hatt og har fortsatt ei viktig rolle i å skape trygge fellesskap for alle. Kommunal verksemd, helsevesen, friviljugsentral, skule, lag og organisasjonar har i dag tatt til seg mange av desse oppgåvene på ei livssynsnøytral måte….. om det finnast…… Likeeins er det i dag tilbod om borgarleg vigsel, namnefest, konfirmasjon, og gravferd.
    Det at kyrkja si verksemd tømast for innhald, gjer at messene og vert mindre relevante for folk.
     
  • Konkurranse i fritidsmarknaden. Kyrkja si hovedgudsteneste arrangerast på sundagar om formiddagen. I dag er det ei flom av arrangement i helgene, og på sundagane. I Skjåk er det idrettsarrangement, turarrangement, og arrangement i regi av familien som er den største konkurrenten til kyrkja si messe. Dette har kyrkja i Skjåk prøvd å kompensere ved å arrangere kveldsmesser på sundagane. Dette var ikkje nok til å trekke folk, og vi har derfor lagt dei fleste messene til sundag formiddag, fordi dette er eit tidspunkt som er allment kjent.
    Kyrkja har og prøvd å vera til stades på andre sitt arrangement, som idrettslaget sin skidag, Ståk i Skjåk, og Hausttakk. Dette har ikkje vore vellykka. Det er krevjande å være kyrkje på andre sine premissar, så vi har i dag lagt desse messene inn i kyrkja att. Vi står att med å presentere oss på stand under Ståk i Skjåk.
     
  • I Skjåk er det god oppslutning kring dåp og gravferder. Det er og nokre vigslar. Det er ein tendens at folk ynskjer at desse kyrkjelege handlingane skal være mest mogleg på familiens premissar og ikkje på kyrkja sine premissar. Det som tidlegare var offentlege hendingar i bygda, er i ferd med å privatiserast. Vigslar på fjelltoppar, dåp på setrar, og gravferder som gjeng føre seg i stillheit er i dag i ferd med å verte meir og meir vanleg. Det tyder at synet på kyrkja som ein offentleg arena er i ferd med å endrast.
     
  • Kyrkja sine menneskelege ressursar er knappe i møte med forventningar til kyrkja på mange plan. Ei messe med prest, organist, kyrkjetenar og kyrkjevert vert ei messe utan noko «ekstra», om ikkje desse sjølve tek initiativ til å skape noko utanom det vanlege. Om desse knappe ressursane stadig skal skape noko ekstra som trekker folk til kyrkja, vil det over tid skape slitasje for dei tilsette. Om kyrkja hadde hatt eit breiare nettverk av folk som kan være til stades og bidra i messa, ville det bidra til å auke talet på deltakare i messa.
  • Det er heilt sikkert også andre årsaker til at kyrkja ikkje trekker folk til messene. Vi kan ha det med oss i tankane vidare i denne skissa……

Kva er gjort til nå?

  • Kåre har laget ei kort beskriving av utfordringa knytt til talet på deltakare på messene våre
  • Beskrivinga vart lagt fram for soknerådet, og kvart medlem i soknerådet la fram forslag til korleis dei meinte at talet på deltakare kunne aukast.
  • Kåre har vore hos Tormod Sperstad og lagt fram problemstillinga i forhold til kommunikasjon og marknadsføring av arrangementa våre.
  • Utarbeiding av denne skissa til vidare handsaming.

 

 

Vegen vidare:

  1. Innhaldet i messene
    Som sagt er rama for messene lagt ved Den norske kyrkja sin ordo og liturgi. Kva kan vi så gjera innanfor denne rama?
    1. Soknerådsmedlemane var oppteke av å styrke song og musikk i messene og i kyrkja sine arrangement elles. Med ny organist er det gode høve for å utarbeide ein kyrkjemusikalsk plan. Organisten er og fri til å lage eigne musikalske arrangement. No har han eigne musikkstunder på Skjåkheimen.
      1. I Skjåk er det mange aktørar innanfor song og musikk det er høve til å samarbeide med. Kulturskulen vart nemnt.
      2. Musikkmesser med song.
      3. Nytte salmeboka meir systematisk
      4. Konserter. Ønskekonsert.
        Kyrkja har i dag eit godt samarbeid med Skjåk Songlag som tar del i messer og konserter.
      5. Er det mogleg å løfte fram den gamle draumen om eit barnekor?
         
    2. Temamesser; lage messer med eit tematisk innhald, som og kan tas opp i samtale. Musikk, song og andre innslag i messa støttar opp om temaet.
    3. Pizzabufé med messe i staden for messe med pizzabufé. Kreativ tenking kring messene våre
       

 

 

  1. Marknadsføring og kommunikasjon
    1. Kyrkja som andre, må skape merksemd om det vi driv med. Og der vi får merksemd må vi følgje det opp i etterkant.
    2. Vi bør utvikle ein systematisk plan for korleis vi marknadsfører arrangementa våre. Vi nytter allereie fleire flater for marknadsføring, men vi må spørje oss kva som er riktig og nyttig marknadsføring.
    3. Fordi vi i dag er så private, så kan direkte overføring av messer og arrangement på Facebook, Youtube eller andre flater vera aktuelle.
    4. Likeeins Vlogg. Dagens ord eller liknande på Facebook eller Youtube; Tormod Sperstad sin ide.
    5. Syne oss fram; være til stades på Ståk i Skjåk og andre høvelege arrangement
       
  2. Styrking av kyrkja sitt nettverk.
    1. Utvikle eit nettverk av friviljuge. Dette er i dag eit utfordrande område, for folk er opptekne på mange områder i dag. Men vi har allereie fleire som bidreg til kyrkja sin verksemd på friviljug basis. Er det mogleg å systematisere og utvikle denne tenesta?
    2. Arrangere samlingar utanfor kyrkja som leier opp til sundagsmessa.
      Hus-samlingar, bibelgrupper, bønegrupper mm
    3. Egne samlingar etter alder for born, ungdom, vaksne, eldre.
      I dag har vi andakter og musikkstunder for bebuarane på Skjåkheimen
       

 

 

  1. Tilpassing i kyrkjerommet.
    Alt inventaret i kyrkjene våre er godkjent av biskopen, og skal være ført på ein godkjent inventarliste. Det er eigne regler utgitt av Kyrkjerådet i 2015 for bruk av kyrkjerommet. Desse må følgjast. Kyrkjerommet og inventaret har ein stor antikvarisk og affeksjonsmessig verdi for folk, og det er det viktig å ha omsyn med.
    1. Skjåk kyrkje er freda etter lov, så der kan vi ikkje endre interiøret i kyrkjerommet i særlig grad.
    2. Nordberg kyrkje er listeført hos Riksantikvaren, og ikkje freda. Der er det mogleg å starte prosessar for endringar i kyrkjerommet. Er det mogleg å løfte fram den tidlegare saken om å erstatte benkane i kyrkja med stolar? Det vil gjere kyrkjerommet meir fleksibelt og tenleg i forhold til dei arrangementa vi har i kyrkja.
       
  2. Andre tilhøve
    1. Open kyrkje. Hamar bispedøme har eit prosjekt der dei ynskjer at kyrkjene i bispedøme er mest mogleg opne for besøk.
    2. Kyrkjekaffi, måltidsfellesskap
    3. Kyrkjeskyss
    4. Flytte nokre av sundagsmessene til ein kvardagskveld
    5. Nytte Messeutvalet som gudstenestegruppe. Det ville vore mykje betre om fleire enn soknepresten planlegg messene!
    6. Tekstlesere
    7. Kyrkje i Bismo
    8. Fjellaltar …….. Påleplassen, Sota Sæter

 

Oppsummering
Denne skissa er tenkt som eit utgangspunkt for idémyldring og vidare arbeid med problemstillinga kring oppslutning om messene og arrangementa våre. Frå mi side er det viktig at vi har ei verksemd som opnar opp kyrkja vår for flest mogleg, og at kyrkja i Skjåk opplevast som relevant for folk. Eg vonar at denne skissa ikkje leggast i ein skuff og vert glømt. Skal vi være ei folkekyrkje så må vi være ei kyrkje som er ope i vid forstand….. særs vid forstand…..

Og sjølv om mykje av det vi gjer er svært så seriøst, så er det og lov å ha det moro!!




Del denne artikkel på e-post