Konfirmasjon 2019
Konfirmasjon 2019
Konfirmasjon 2019

Vi ynskjer velkomne til informasjonsmøte for konfirmantar 2019 og føresette  i

NORDBERG KYRKJESTUGU  

TYSDAG 27. november kl. 19.00!

Der vil vi informere om konfirmantopplegget for Skjåk og Nordberg sokn for 2019.

 

Noko av det som vil skje i konfirmanttida er:

2. desember :Ljosmesse i Skjåk kyrkje. Innskriving av konfirmantar

6. januar : Nordberg kyrkje. Konfirmantpresentasjon – utdeling av biblar

8 – 10. februar:  HEKTA-leir på Lillehammer

9. april :Fasteaksjon til inntekt for Kirkens Nødhjelp

5.juni: konfirmantbryllaup

24. august: Nordberg kyrkje samtalemesse

1. september :Konfirmasjon Nordberg kyrkje

8. september :Konfirmasjon Skjåk kyrkje

I tillegg kjem det samlingar med ulike tema og messer der konfirmantar er med som medhjelparar.

Ordet konfirmasjon kjem av det latinske verbet confirmare som tyder å styrke, stadfeste  eller «gjera sterk». Konfirmasjon er ein gammal tradisjon for å markere overgangen frå born til vaksen. Den norske kyrkja si ordning for konfirmasjon er i dag ei forbønshandling med stadfesting  av Gud sine løfte  ved dåpen.

Å være døypt er ei forutsetning for å ta del i sjølve konfirmasjonsmessa, men alle kan ta del i konfirmasjonstida i Den norske kyrkje. Konfirmasjon og dåp heng saman, og difor er det mange unge som døyper seg i løpet  av konfirmasjonstida.

Vi legg ved innskrivingsskjema, det leverer du/de på informasjonsmøtet.

Velkomne! Helsing sokneprest Kåre Gloslie og den kyrkjelege staben.




Del denne artikkel på e-post